illustrasjon av framtidig lokale
Book bord her

Velkommen til Kaffistova
– tradisjon og kvalitet sidan 1901

I Kaffistova har vi servert tradisjonell norsk mat i meir enn 100 år. Då kafeen opna i 1901 var interiøret dekorert med handskorne møblar. Fleire av dei står i dag utstilt på Norsk Folkemuseum på Bygdøy.

I våre dagar er interiøret moderne skandinavisk design. Kafeen har plass til 140 gjester. Vi kan reservere om lag 100 av desse for lukka lunsj- eller middagsselskap.

Japanske, franske og amerikanske gjester er innom kvart år. Grunnen er nok at vår meny representerer eit stadig meir sjeldan høve til å smake tradisjonell norsk mat.

Les meir

Opningstider:

Måndag til laurdag: 11.00–22.00
Kjøkken til 21.00

Søndag: 11.30 - 19.00
Kjøkken til 18.30