I Kaffistova har vi servert tradisjonell norsk mat i meir enn 100 år. Då kafeen opna i 1901 var interiøret dekorert med handskorne møblar. Fleire av dei står i dag utstilt på Norsk Folkemuseum på Bygdøy.
I våre dagar er interiøret moderne skandinavisk design. Kafeen har plass til 220 gjester. Vi kan reservere om lag 100 av desse for lukka lunsj- eller middagsselskap.
Japanske, franske og amerikanske gjester er innom kvart år. Grunnen er nok at vår meny representerer eit stadig meir sjeldan høve til å smake tradisjonell norsk mat.
Les meirMåndag til fredag: 11.00 til 20.00
Laurdag: 11.00 til 19.00
Søndag: Stengt