Kulturhotellet og historia

Hotell Bondeheimen er, gjennom morselskapet Bøndenes Hus, eigd av Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).

www.bondeheimen.com

BUL er ein frivillig organisasjon, grunnlagt i 1899, som tilbyr aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar. Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. BUL eig Bøndenes Hus AS 100%.

www.bul.no

Bøndenes Hus AS eig eigedommen Rosenkrantz’ gate 8 og har tre dotterselskap som driv innan bunadsproduksjon, husflid, hotellovernatting og kafé. I tillegg til BUL si verksemd, huser eigedommen to av dotterselskapa.

Dei andre selskapa i konsernet er:

Kaffistova er med sine 117 år ein av byens mest tradisjonsrike kaféar. Kaffistova serverer norsk tradisjonsmat i rause porsjonar fram til kl. 21 kvar dag og er dessutan frukostrestaurant for hotellet.

Heimenhusfliden kan føre historia si tilbake til 1912 og er i dag ei handverks- og handelsbedrift med om lag 30 tilsette. Vi har produksjonsavdeling og butikk midt i Oslo sentrum, berre eitt kvartal frå Karl Johans gate. Kjøper du bunad hos Heimenhusfliden kan du vere trygg på at du får den beste kvaliteten som er å oppdrive.

www.heimenhusfliden.no


Hotell Bondeheimen logo
Heimen Husfliden logo
- Bondeungdomslaget i Oslo logo